No rullar Have svært mot Land
med Skùm um skavlande Ryggir
og bryt seg sprengt mod Øydestrand,
der berre Vindtroll byggjer.
Og Stormen skrik i ville Gru,
der yvi Djup han jagar
med Fòk og Ròk um Rev og Flu
i desse haust-myrke Dagar.
Eg høyrer den villande Skræmesong
av Møy som Brìmhesten rider;
ho kvad og galdra so mang ein Gong
mot Naud og Nedgangs Tidir.
Det gjeng som Sorg, det gjeng som Spott,
det gjeng um Vaa og Vande;
det er den varslande Vildrelaatt
som skræmer Liv av Lande.
Og Jordi skjelv i Havsens Marm,
der bleik ho frys i sitt Snøyde;
det folnar Bø og det kolnar Barm;
det vert i Verdi øyde.
Den siste Graa-Gaas strauk mot Sud;
tungt under Sky ho kava;
alt Liv i Hie og Vinterbu
vil ned og burt seg grava.
Lauvsblokka rustnar i livde Lund
og ryk av sinom Kviste;
det vart so syrgjeleg stutt ei Stund,
til ho sitt Ynde miste.
Paa Vollen blømde Blomar smaa’,
so sælt mot Soli nøydde;
no er der ingin meir aa sjaa.
Dei folna burt og døydde.
So døyr det burt i den unge Barm,
so folnar Blom og Blide,
naar Saknad sløkkjer Voni varm
med Taarir salte og Stride.
So døyr det burt, so døyr det ut,
mitt Liv med alt, det drøymde,
naar Elskhug vendest til Harm og Sut,
og Guten burt meg gløymde.
No er her sturt, no er her kaldt,
og Stad og Stund meg møder;
mi svikne Von tok fraa meg alt,
og Hjarta svider og bløder.
Og Have rullar svært mot Land,
og Regne driv mot Rute;
det syng og susar um Øyde-Strand,
at no er allting ute.
~ Arne Garborg
Lagre