Tags

, , , ,

Alexas_Fotos / Pixabay

Det budde ei mus i et orgel
som stod i et kyrkjehus.
Ho var ikkje nettopp nonne
– berre ei orgelmus.

Ho treivs inni orgelverket
for musa var musikalsk,
og merka når orgeltonen
var aldri so lite falsk.

Og det fekk ho ofte merke
for han som var orgelnist,
og han som var belgetrøar
var brødrene Rosenquist.

Den eldste var belgetrøar,
– ein storvomba somlekopp;
men broren på klaviaturet
var sprek som ein orre å topp.

Så ingen kan undrast at musa
stundom vart ille ved.
Men bortsett frå slikt spetakkel
ho levde sitt liv i fred.

Ho hadde til levemåten,
for brød sto ho aldri i beit.
Det fant ho i sakristiet,
men det er det ingen som veit.

Og ein gong var musa heldig,
– det hende nok enno ein gong -:
Ho barsla til dyr musikk
av Mendelsohn’s bryllupsong.

Og når det var preikesundag
ho hadde si gode stund,
og tok seg tilliks med hine
sin vanlege sundagsblund.

Men sidan var ulykka ute:
det fants ikkje botevon,
då Rosenquist, belgetrøar,
gav opp, og gjekk av på pensjon.

For bror hans fekk trumfa igjennom
ein skinnbelg av likaste sort
på fire til fem hestekrefter,
og dermed bles musa bort.

Men likevel, kan ein vel seie,
tok musa det siste stikk:
Ho fauk over kyrkjetårnet
til himmels med full musikk.

~ Jakob Sande

Jakob SandeJakob Sande ble født 1. desember 1906 og døde 16. mars 1967. Han var en norsk forfatter fra Dale i Sunnfjord. Han gav ut, mens han levde,ti diktsamlinger og tre novellesamlinger. Mange av diktene hans fikk melodi og ble populære viser. Sande ble en folkekjær dikter i løpet av sin karriere, og flere av diktene er fremdeles svært populære. Diktningen spinner rundt temaer som vestlandsnaturen, sjømannslivet, livet på bygden, dikt som tar opp sosiale spørsmål og dikt som tar for seg klassiske temaer som kjærligheten og døden. Diktene veksler fra grotesk humor, som i «Kallen og katten» og «Likfunn», til sentimentale og følelsesladde dikt som «Fløytelåt» og «Vesle Daniel». Han er også representert i salmebøker med «Det lyser i stille grender» og «Du som låg i natti seine». (Fra Wikipedia)