Å stakkars vesle hare
så fin og silkekledd,
Gud veit kvar du hev fare
med di du er så redd?
Du spretter og du skvetter
så hodelaus i kring;
Kva er du renner etter
og snøgg i hol deg sting,
arme ting!
Her er så god ein sumar
med hus i kvar ein busk
og lauv og friske kumar
åt slik ein liten trusk.
No skal me vera late
og taka oss i lund
lette blund.
Du er så brun og lekker
i sumarkjolen din;
d’ er berre du for klekk er
te vera guten min.
Men vil du glad meg gjera,
så hoppa her i li,
og vener skal me vera
og vener skal me bli
all vår tid.
~ Arne Garborg
anette said:
For et nydelig dikt 🙂 Og tusen takk for titten hos meg på tirsdag. Er litt stille hos meg for øyeblikket pga opplæring i ny jobb, men i morgen blir det nok en smakebit på søndag tenker jeg 🙂
astridterese said:
Ja,jeg synes det er fint 🙂 Og gratulerer med ny jobb!! 🙂