Tags
Du skal skaffa deg frø
før moldjordo fryse
Du skal ulma og glø
mens du ennå lyse
Du må handla litt fort,
for butikkane stengje
Me skal leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje.
Du ska dansa kvar dans
mens tonane strøyme.
Og drikk utan stans
nå’ livet det fløyme
Men rot di kje bort
dei draumar du vrengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje.
Nå’ hu ber deg bli,
så skund deg å svara
D’e dårligt me ti’,
men la di då vara
tå finaste sort
di ordo du slengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje.
Så kom an og lev,
for sjøl om du tøkje
at livet er strev,
så e der så møkje
du aldri får gjort
Og sorgjo, hu sprengje
Me ska leva så kort
og vara daue så skrekkjele lengje.
Ingvar Moe
Tove said:
Veldig fint dikt som eg har brukt mange gonger.
astridterese said:
Ja, det er nydelig! Jeg hadde det lenge liggende på pc’n på jobb, men i forbindelse med min spalte Fredagsdikt måtte jeg ta det frem, siden det fortjente et eget innlegg!
Kjellaug said:
Ja, den som kunne leve litt meir etter dette!
Frode Kolaas said:
Diktet fant meg