Tags
Å, hjelp meg du som hjelpa kan!
Du ser kor sårt eg strider.
Mitt hjarta trøytt i tunge band,
forutan von seg vrider.
Mi naud eg kan ‘kje ut få sagt;
det vonde fekk så stor ei makt
som brand i barm det svider
Ja, hjelp meg du som hjelpa kan!
Til deg mi bøn eg sender
Du stridde sjølv og yvir vann;
du myrke-makti kjenner
Mi naud er stor, min strid er fæl,
vær hjå meg du som vil meg vel!
Då veit eg alt seg vender.
Arne Garborg
Pingback: Arne Garborg 160 år « Betraktninger